Nå må du betale for å køyre vegane i Heimfjellet

Vegane i Heimfjellet er mykje brukt av folk i samband med friluftsliv og jakt. Eller som ein «sundagstur» med bil. Nå blir det sett opp fire bommar og innført bomavgift på 50 kroner for å køyre i Heimfjellet.

Bomavgift: Nå vil det koste 50 kroner å køyre i Heimfjellet. Bildet er frå krysset Moasætervegen, Bringsvegen og Tuvstulvegen.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning behandla onsdag søknad frå styret i Heimfjellvegen som ynskjer å setje opp fire bommar frå innkøyring ved Sandranden, Bergeenden, Darthus og Reiregrenda.