Politiet, barnevernet og skulane i Ottadalen: – Vi har fått kjennskap til ei gruppe på Snapchat som deler alvorleg innhald

Politi, barnevern, skulehelsetenesta og skulane i Ottadalen uttrykkjer sterk bekymring over unge sin bruk av sosiale medium.

Stor bekymring: Ei gruppe på Snapchat, med lokale ungar og ungdomar, deler pornografisk innhald, driv med hets og ryktespreiing og elles alvorleg og stygt innhald. Politiet, barnevernet, skulehelsetenesta og skulane har nå sendt eit brev til alle føresette i grunnskulen i Vågå, Lom og Skjåk. – Ver så venleg og hjelp kvarandre med å hjelpe dei unge med dette, er oppmodinga.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

I eit felles brev som er stila til alle føresette i grunnskulen i Vågå, Lom og Skjåk blir foreldra oppmoda til å beskytte både eigne barn og andre ved å overhalde aldersgrensa på 13 år i sosiale medium – og at ein skal prate med dei unge om det dei opplever på nett.