Meiner det kan bli aktuelt å innføre nasjonale koronatiltak

– Pandemien er ikkje over, og vi ser nå at smittetala aukar fleire stader.

– Pandemien er ikkje over! Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol meiner det kan bli aktuelt å innføre nasjonale koronatiltak, om smittetala held fram med å auke.  Foto: Stortinget

Nyheiter

Det seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i eit oppdatert rundskriv som departementet har sendt ut, for å gjeva kommunane rettleiing om lokale smitteverntiltak som kan vera naudsynte ved lokale utbrot.

Helseministeren meiner det kan bli aktuelt å innføre nasjonale tiltak att.

– Om det kjem ei stor auke i smittespreiinga lokalt eller nasjonalt, som gjev høg påkjenning på helsetenestene, må kommunane vera førebudde på å avgrense smittespreiinga gjennom lokale tiltak. Det kan også bli aktuelt å innføre nasjonale tiltak, seier Kjerkol.

Det justerte rundskrivet til kommunane gjev mellom anna utfyllande forslag til korleis kommunale forskriftar og enkeltvedtak kan utformast. Rundskrivet kjem i tillegg til FHI si Handbok for oppdaging, vurdering og handtering av covid-19-utbrot i kommunen, som gjev kommunane rettleiing i dei smittevernfaglege vurderingane.

– Da vi gjekk inn i fasen «Ein normal kvardag med auka beredskap» vart dei fleste tiltaka i covid-19-forskrifta oppheva, og vi gjekk frå å ha ein kontrollstrategi til ein beredskapsstrategi. Ein viktig føresetnad i beredskapsstrategien er at kommunane set i verk forskriftar som gjeninnfører tiltak om den lokale situasjonen tilseier det, seier helse- og omsorgsministeren.

Smittetrenden i Noreg er stigande. Det siste døgnet er det, i fylgje FHI, registrert 1.144 nye koronatilfelle i landet, noko som er nesten dobbelt så mange som same dag i førre veke. Dette er også fyrste gong sidan 14. september at det er registrert over tusen nye smittetilfelle på eitt døgn i Noreg.

Torsdag klokka 13.00 er det varsla pressekonferanse om koronasituasjonen. Her deltek helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol, assisterande helsedirektør Espen Nakstad, og direktør i FHI Camilla Stoltenberg.