Mariann fekk Luftsportsforbundet si gullnål: – Eg vart rørt og glad

Mariann Brattland er tildelt Norges Luftsportsforbund si gullnål for innsatsen sin i forbundet.

Seglfly: Etter at Mariann Brattland hadde sin fyrste solotur med seglfly i 2012, har ho mange flytimar bak seg. Nå håpar ho på betre tid til å fly, etter at ho takka for seg under Luftsportstinget på Gardermoen nyleg. Etter seks år som visepresident i Norges Luftsportsforbund og to år som nestleiar i seglflyseksjonen, vart Mariann Brattland heidra med Luftsportsforbundets gullnål for sin innsats. Og ho er historisk. Brattland er fjerde kvinne som får heidersteikn i forbundets over 90 årige historie. privat 

Nyheiter

Etter seks år som visepresident i Norges Luftsportsforbund, ynskte Mariann Brattland frå Vågå å gå inn for landing da Luftsportstinget vart halde på Gardermoen nyleg.