Fire nye koronasmitta

I samband med smitteutbrotet på Skjåkheimen har fire nye personar testa positivt for korona onsdag.
Nyheiter

Det opplyser Skjåk kommune ved 12-tida onsdag.

I fylgje kommunen er smittevegen kjent, og alle dei fire nye positive prøvene onsdag er av personar knytt til smitteutbrotet på Skjåkheimen.

Det samla talet på smitta med tilknyting til utbrotet er nå 29 personar.