Bil av vegen i Vågå

Naudetatane har rykka ut til ei ulykke. Ein bil har køyrt av vegen vest for Lalm.
Nyheiter

Ambulanse, Luftambulanse, politi og brann rykka ved 21.30-tida onsdag kveld ut til ei ulykke langs fylkesveg 2616 Sjårdalsvegen, vest for Lalm.

Operasjonsleiar Ole-Erik Løkker Skogheim ved Innlandet politidistrikt opplyser at det ein einsleg bil som har køyrt av vegen. Det var ein person i bilen.

Siste:

Førar er sendt med Luftambulansen til sjukehus. Skadegrad er ukjent.

Operasjonsleiar fortel at vegen blir stengt ei stund medan politiet gjer sine undersøkingar på staden.

Ulykkesgruppa i Statens vegvesen kjem også for å delta i dette arbeidet.