Fjellbanken har opna eige kontor i Oslo

Sparebank 1 Lom og Skjåk - Fjellbanken - opna måndag denne veka kontor i Bjørvika i hovudstaden.

Opning: Måndag denne veka var det offisiell opning av Sparebank 1 Lom og Skjåk - Fjellbanken - sitt Oslo-kontor i Bjørvika. F.v.: Malin Strandberg Bagøien (rådgjevar i Fjellbanken), Marius, Jasmine, Gunhild og Kari i DNT Oslo og Omegn, administrerande banksjef Unni Strand, Arne Bjørgen (leiar kunderetta verksemd i Fjellbanken) og Sindre Bach (avdelingsleiar i Fjellbanken).   Foto: Sparebank 1 Lom og Skjåk

Nyheiter

– Å opne nye bankkontor er ikkje det vanlegaste i dag, men vi i Fjellbanken har lenge ynskt å koma nærare alle dei kundane vi har i Oslo. For oss er det viktig å vera lokalbanken også for desse. I tillegg er det utruleg viktig å få nye kundar framover, som kan koma inn og få akkurat den hjelpa dei treng hjå våre rådgjevarar, seier banksjef Unni Strand.