Fem nye er smitta i Skjåk

Det samla talet på smitta personar i Skjåk er nå 25.
Nyheiter

Kommunelege Sondre Bøye melder at det sidan i går har kome fem nye smittetilfelle.

Blant dei siste smitta er det òg ein skuleelev. Personar med kjent nærkontakt til eleven, og skulen, er varsla om dette.

Skjåk kommune ynskjer å minne om låg terskel for testing, og det å vere heime ved sjukdom.

Kontakt legekontoret på telefon 61 21 71 00 for eventuelle spørsmål.