Sylvmedalje til Brimi Sæter i årets oste-NM

Brimi Sæter fekk sylvmedalje for sin Sæterost i NM i ost.

Ost: Ola Tangvik Brimi er meieristyrar på Brimi Sæter, som vann sylvmedalje for sin Sæterost under årets oste-NM i Oslo.   Foto: CATHRINE DOKKEN/Arkiv

Nyheiter

Oste-NM vart arrangert i Oslo fredag 22. oktober, og samla over 200 ostar frå 56 ulike produsentar. Osteprodukta vart smakt på og vurdert av om lag 50 dommarar.