Ikkje fare for nye steinskred i Visdalsberga i Nordherad

Laurdag velta nokre steinar ut i fylkesveg 2634 Øvre Nordheradsveg i Vågå. Geolog slår fast at det ikkje er overhengande fare for nye steinskred i Visdalsberga.

Steinskred: Visdalsberga vart reinska for laust fjell etter skredet laurdag, og det ser meir dramatisk ut enn det eigentleg var. Måndag var folk frå Innlandet fylkeskommune og Mesta på befaring på staden.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Måndag var folk frå Innlandet fylkeskommune og Mesta på befaring langs fylkesvegen i Øvre Nordherad, der det laurdag gjekk eit lite steinskred ut i vegen.