Har truleg funne smittekjelda

Mest truleg oppstod det fyrste koronatilfellet på Skjåkheimen ved at ein av dei innlagte pasientane vart smitta under eit stuttvarig opphald på sjukehus.
Nyheiter

Det melder Skjåk kommune.

Sidan i går ettermiddag har det kome to nye smittetilfelle. Båe tilfella vart avdekka ved planlagde oppfølgingstestar av personar med kjent nærkontakt med koronasmitte.

Det samla talet på smitta er nå 20 personar.

Skjåk kommune ber om at alle held fram med å teste seg ved symptom og halde seg heime ved sjukdom.