TV-aksjonen:

Denne gjengen ringde rundt til næringslivet og fekk stoppa ti barneekteskap

Sparebank 1 Lom og Skjåk gjennomførte ein næringslivsdugnad, der dei fekk samla inn mykje pengar til årets TV-aksjon.

Dugnadsgjeng: Saman fekk denne gjengen samla inn mykje pengar til årets TV-aksjon, gjennom Sparebank 1 Lom og Skjåk sin næringslivsdugnad. Frå venstre: Gunnar Grindstuen, Mai Bakken, Kristin Nygård Lonbakken, Unni Strand og Edel Kveen.  Foto: Privat

Nyheiter

– Vi er så takknemlege for å få vera med å bidra på noko så viktig som å forhindre barneekteskap. Vi gjer svært mykje for å hjelpe og støtte lokalt, men å få vera med på noko så stort, som så mange er saman om i desse dagar, er også svært meiningsfullt. Vi er svært glade for at ordføraren i Skjåk, Edel Kveen, og dagleg leiar i Fjellsenteret, Mai Bakken, stilte opp og gjorde ein super innsats, seier marknadsansvarleg i Sparebank 1 Lom og Skjåk, Kristin Nygård Lonbakken.