Brimi Fjellstugu vil bygge nye gjesterom og velværeavdeling

Brimi Fjellstugu AS har søkt om dispensasjon frå utnyttingsgrad i kommunedelplan for Nordsetrene.

Brimi Fjellstugu vil bygge på.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Brimi Fjellstugu AS ynskjer å føre opp eit tilbygg til hovudbygningen på 150 kvadratmeter som skal romme nytt møte-/konferanserom og tre gjesterom. Vidare er det planlagt eit tilbygg til gjesteromsbygningen på inntil 130 kvadratmeter som skal romme badstu- og velværeavdeling, og to mindre tilbygg til kjøken/spisesal.