Skjåk: Kommuneoverlegen vurderer risikoen for eit raskt aukande smitteutbrot som liten

18 smitta i isolasjon i Skjåk, over 200 er testa i helga.
Nyheiter

18 stadfesta smitta: – Det vil bli fleire

– Skulle ein sett talet på smitta i Skjåk i nasjonal målestokk, ville det tilsvart 50.000 smitta på eitt døgn, seier kommuneoverlege Sondre Bøye.


Skjåk kommune melder dette sundag ettermiddag:

«Det har sundag 24. oktober kome tre nye positive testsvar og det samla talet på smitta er nå 18. Alle positive prøver er av personar med tilknytning til Skjåkheimen. Personane med positiv test er sett i isolasjon og nærkontaktane deira er bedne som å teste seg. Det har vore utstrekt testaktivitet gjennom helga og over 200 personar har vorte testa.

Dei som har vore i tett nærkontakt med smitta personar har i tillegg til testing på legekontoret fått utlevert utstyr for å teste seg sjølv kvar dag framover. Det samme har alle som skal arbeide på Skjåkheimen. Dersom nokon av desse skulle utvikle sjukdom vil ein på denne måten raskt kunne fange det opp. Ein kan i samband med dette vente nye positive prøver framover, men kommuneoverlegen vurderer nå risikoen for eit raskt aukande smitteutbrot som liten.

Skule, samlingar, arrangement og anna kan difor gjennomførast som planlagt frå i morgon, måndag 25. oktober.

Ein ber om at alle fortsett å teste seg ved symptom og halde seg heime ved sjukdom›.


Pasient med påvist Covid døydde laurdag

Koronaviruset har kravd liv i Skjåk.