18 stadfesta smitta: – Det vil bli fleire

– Skulle ein sett talet på smitta i Skjåk i nasjonal målestokk, ville det tilsvart 50.000 smitta på eitt døgn, seier kommuneoverlege Sondre Bøye.

Skjåkheimen: Det er venta at talet på koronasmitta vil stige i Skjåk.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Kommuneoverlegen stadfestar at det sundag føremiddag er 18 smitta med Covid i Skjåk.

– Det foregår testing også sundag, og eg trur det vil syne seg at enda fleire er smitta, seier Bøye.

Han er framleis ikkje uroa over at smitten skal spreie seg utover frå avdelinga på Skjåkheimen og nærkontaktane deira.

– Eg er ikkje uroa folkehelsemessig sett, men det er klart at dette er ein uheldig situasjon, seier han.

På Skjåkheimen er det naturleg nok ein krevjande situasjon for dei som arbeider der.

– Så langt klarar vi det, men er avhengig av at folk stiller opp og gjer ein ekstra innsats. Det er inga krise på Skjåkheimen, men det blir mykje å gjera for dei som er på arbeid. Mange pasientar treng tett og nærast ein til ein-oppfylgjing nå, seier Bøye.