Pasient med påvist Covid døydde laurdag

Koronaviruset har kravd liv i Skjåk.
Nyheiter

Større smitteutbrot på Skjåkheimen. Kommunen ber om at alle arrangement og samlingar blir avlyst

Fredag ettermiddag er det stadfesta ni smitta på sjukeheimen i Skjåk.


Skjåk kommune la laurdag ut denne meldinga på hjeimesida:

Kommuneoverlege Sondre Bøye kan informere om at ein pasient på Skjåkheimen døydde på morgonen i dag, 23. oktober. Sjølv om pasienten hadde alvorleg underliggande sjukdom, vurderer behandlande lege dødsårsaken til å vera Covid19. Den avdøde pasienten var fullvaksinert og testa positivt på koronavirus i går, 22.10.

Pasienten har etter innlegginga på Skjåkheimen kun vore i kontakt med fullvaksinert helsepersonell og det er usikkert kvar pasienten vart smitta med viruset. Det vil bli arbeidd vidare med oppklaring av dette gjennom helga.