6 nye stadfesta smitta i Skjåk - 15 totalt

Til saman er nå 15 personar stadfesta smitta.
Nyheiter

Alle dei 15 smitta har tilknytning til den same avdelinga på Skjåkheimen.

Kommuneoverlege Sondre Bøye opplyser at det i løpet av dagen i dag kome positive testsvar på 6 nye personar og totalt har nå 15 personar vorte smitta i samband med utbrotet.

Det er tilbod om testing ved Skjåk legekontor også i morgon, sundag 24. oktober, frå klokka 11:00 til 13:00. Ring telefonnummer 612 17 100 for å avtale tidspunkt.
Testinga er både for dei som har vore i nærkontakt med smitta personar, og for alle som har symptom på luftvegssjukdom., melder Skjåk kommune.

Tdlegare laurdag vart det opplyst at ein pasient ved Skjåkheimen har døydd med Covid19. Denne hadde underliggjande sjukdom.


Pasient med påvist Covid døydde laurdag

Koronaviruset har kravd liv i Skjåk.