Større smitteutbrot på Skjåkheimen. Kommunen ber om at alle arrangement og samlingar blir avlyst

Fredag ettermiddag er det stadfesta ni smitta på sjukeheimen i Skjåk.

Korona: Det er smitteutbrot på Skjåkheimen.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Dei ni har testa positivt på hurtigtestar fredag, og fleire skal testast laurdag, sidan smittevegen framleis er ukjent.

Alle det gjeld er knytt til same avdeling på Skjåkheimen.

– Resultat av testinga fredag vart 9 positive hurtigtestsvar hjå både tilsette og pasientar på Skjåkheimen. Desse 9 er nå sett i isolasjon. Til nå er alle av dei med positiv test fullvaksinerte og alle har tilknytning til den samme avdeling på Skjåkheimen, heiter det i ei melding frå Skjåk kommune fredag kveld.

Kommuneoverlege Sondre Bøye meldte tidlegare fredag at ein ikkje vurderte faren for eit større utbrot som stor.

Fredag kveld seier han til Fjuken at ein kan forvente fleire positive testar.

– Det ville vera veldig rart om vi i løpet av dagen i dag har avdekt alle som er smitta. Ein må rekne med at fleire positive testar kan koma, seier kommuneoverlegen.

Han er likevel ikkje uroa for alvorleg sjukdom.

– Er ein fullvaksinert er ein svært godt sikra mot alvorleg sjukdom, og alle dei med positiv test fredag har lette og milde forkjølingssymptom, seier Bøye. Eg er ikkje uroa slik folkehelsemessig sett, legg han til.

Ein kan også vera smitteførande utan å merke symptom, slik at folk må vera nøye med smitteverntiltaka ein har lært gjennom pandemien.

Kommunen oppmodar folk om å ikkje samlast dei næraste dagane.

– Det er ei oppmoding, og ikkje i nokor lovs form. Vi har bede enkelte om å avlyse tillyste arrangement og oppmodar sterkt til å utsetja alle samlingar nå, seier Bøye.

Alle tilsette og alle bebuarar på Skjåkheimen er fullvaksinerte.

– Ein kan likevel bli smitta, men som sagt er faren for alvorleg sjukdom liten når ein er fullvaksinert, seier Bøye.

Kommunen varslar òg at det i samband med smitteutbrotet er sett inn tiltak for å avgrense vidare smittespreiing:

Testing ved symptom og av nærkontaktar (i helga):

Ein ber om at alle med symptom på luftvegsinfeksjon melder seg til testing og ellers held seg heime. I tillegg ber ein om at nærkontaktar til kjende smittetilfelle kjem til testing.

  • Det blir testing ved Skjåk legekontor laurdag 23.oktober mellom kl.10.00 og 13.00. Ta kontakt med legekontoret på telefon 61 21 71 00 for å avtale time.

Arrangement:

Ein ber om at alle arrangement og samlingar gjennom helga vert avlyst eller utsett.

Skjåkheimen

Skjåkheimen vert i stengt for besøkande, bortsett frå pårørande til døyande pasientar. Det er sett inn forsterka smitteverntiltak og alle tilsette skal teste seg med hurtigtest før dei går på vakt nå gjennom helga.