Semitrailer i vanskar ved Pollfoss

Det er glatt på riksveg 15 i Billingsdalen.

Problem: Ein polsk semitrailer har problem på glatta ved Pollfoss i Billingsdalen.  Foto: Tor Bruland

Nyheiter

Ein polsk semitrailer står fast og delvis uti grøfta på riksveg 15 ved Pollfoss fredag kl 1215.

Tor Bruland fortel at sjåføren har fått retta opp doningen noko slik at det iallfall for personbilar er råd å koma forbi.

Politiet er varsla.

Bruland melder om at det er glatt vegbane.