Pasient på Skjåkheimen har testa positivt for korona

Det blir innført forsterka smitteverntiltak på Skjåkheimen, etter at éin av pasientane fredag fekk påvist korona.

Korona: Det er påvist koronasmitte på Skjåkheimen fredag. Éin pasient er stadfesta smitta.  Foto: Vigdis Kroken/Arkiv

Nyheiter

Kommuneoverlegen i Skjåk melder fredag at éin av pasientane på Skjåkheimen i dag har testa positivt for koronavirus. Det er førebels usikkert kvar smitten har kome frå.

Den smitta pasienten, alle dei andre pasientane på Skjåkheimen, og alle tilsette med pasientkontakt er fullvaksinerte. Kommuneoverlegen vurderer det difor som lite truleg at dette skal utvikle seg til eit større smitteutbrot.

Sjølv om fullvaksinerte utifrå gjeldande retningsliner ikkje kan påleggjast testing, har kommuneoverlegen likevel tilrådd at alt av personal med pasientkontakt på Skjåkheimen bør gjennomgå testing fredag.

I tillegg til dette blir det innført forsterka smitteverntiltak på Skjåkheimen. Mellom anna blir det gjennom helga besøksstopp på Skjåkheimen for alle, bortsett frå pårørande til døyande pasientar.