Stengde fjellovergangar grunna uvêr

Fjellovergangane både på riksveg 15 og fylkesveg 55 vart stengt torsdag kveld.

  Foto: Statens vegvesen/Webkamera/Arkiv

Nyheiter

Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen kunne ved 18-tida torsdag kveld melde at Fv55 over Sognefjellet var stengt grunna uvêr. Fylkesvegen er for tida elles nattestengt i tidsrommet 20-08.

Rett før klokka 20 torsdag kveld vart også fjellovergangen på Rv15 mellom Skjåk og Stryn stengt på grunn av uvêr. I fylgje vegtrafikksentralen er det uvisst når vegen vil bli opna att.

Oppdatering: På Twitter melder Vegtrafikksentralen øst klokka 21:50 torsdag kveld at det er innført kolonnekøyring på riksveg 15. På trafikkmeldinga for fjellovergangen på vegvesen.no er det derimot ikkje opplyst om at det er kolonnekøyring, men at fjellovergangen fortsatt er stengt fram til klokka 20.00 fredag 22. oktober.

Ny oppdatering: Rett før klokka 23 var Fjuken i kontakt med ein trafikkoperatør på vegtrafikksentralen på telefon, som kunne stadfeste at det på daverande tidspunkt var kolonnekøyring på fjellovergangen på rv15. Vegtrafikksentralen var ikkje klar over at det låg ute feil trafikkmelding på vegvesen.no før Fjuken gjorde dei merksame på dette. Også på vegvesenet si telefonteneste 175 vart det opplyst at vegen er stengt fram til fredag kveld. Vegtrafikksentralen har nå fått retta trafikkmeldinga.