EU: Bunaden er ein miljøversting

Viss eit EU-utval får det som dei vil, er bunaden noko av det mest miljøfiendtlege ein kan ha på seg.

Verstingklede? Må Dronning Sonja og andre merke bunaden sin, og er bunadsbrukarar miljøverstingar? Ja, meiner EU.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Det er NRK som melder dette i ei større sak torsdag.

Ein bunad er noko ein har på seg ved store høve, dåp, konfirmasjon og gjestebod. Det er eit handverksprodukt ein er stolt av. Laga av naturlege materiale.

– Alle desse naturmateriala er nå øvst på EUs liste over materialar som skadar klimaet, fordi dei etterlet seg det største miljøavtrykket, skriv NRK.

Polyester, eller plastikk, er mest klimavenleg, i fylgje eit EU-utval.

EU ynskjer at alle varer som blir seld i EU eller EØS-land skal merkast med sitt miljøavtrykk innan utgangen av 2023.

EU har sett saman ein kommisjon kalla SAC, som har som formål å minske miljøavtrykket til varer seld i EU og Noreg. Det inkluderer altså bunaden.

EU meiner at polyester, som har råolje som råstoff, er meir miljøvenleg enn for eksempel ull.

– SAC-utvalet har mata tal og data inn i eit PEF-rekneskap (Product Environmental Footprint), som reknar ut kor lang levetid eit produkt har og kor skadeleg det er for miljøet. Naturmaterialar som krev vatn, kjemikaliar og store areal hamnar på botnen av skalaen, medan polyester kjem på topp, skriv NRK.