Sognefjellsvegen var klargjort for øydeleggjing

Vegarbeid på fylkesveg 55, på sognesida av Sognefjellet, avdekte eit spennande funn.

TNT? Under vegarbeid på Sognefjellsvegen vart det funne sprengstoffrøyr frå den kalde krigen.  Foto: Heidi Lise Ravnestad/Vestland fylkeskommune

Undersøkt: Sprengstoffrøyra vart forsiktig undersøkt.  Foto: Heidi Lise Ravnestad/Vestland fylkeskommune

Rekkverk: Arbeidet med å setja opp rekkverk etter fv 55 vart sett på vent da oppdaginga vart gjort.  Foto: Heidi Lise Ravnestad/Vestland fylkeskommune

Nyheiter

I haust har Vestland fylkeskommune arbeidd med å setja opp nytt rekkverk på Sognefjellsvegen. Da vart det, i fylgje NRK, oppdaga rare sirklar i asfalten.

Forsvaret vart kontakta og ein fekk stadfesta at sirklane var ein del av KOMØD - kommunikasjonsøydeleggjing av installasjonar.

Det som vart avdekt var sju sprengstoffkammer frå den kalde krigen, truleg nedgravne på 1950- eller -60-talet.

På den tida la Forsvaret og Vegvesenet ut fleire slike sprengstoffkammer, for å forsinke fienden og øydeleggje vegane dersom han – det vil seie Sovjetunionen – invaderte, skriv NRK.

Rådgjevar for sprengstoff i Vestland fylkekommune, Inge Haugstveit, seier til NRK at installasjonane berre har historisk interesse og ikkje lenger noko strategisk verdi.