Landbruks- og matminister Sandra Borch er invitert til «krisemøte» i Lom

– Fleire gardbrukarar er nå på tur til å gje seg med sau på grunn av mislykka rovdyrforvaltning.

Kjem ho? Ordførarar Edel Kveen i Skjåk og ordførar Bjarne Eiolf Holø i Lom har invitert landbruks- og matminister Sandra Borch til Lom for å prate om rovdyrsituasjonen i Nord-Gudbrandsdalen.   Foto: Stortinget

Nyheiter

Det er skjåkordførar Edel Kveen og lomsordførar Bjarne Eiolf Holø som inviterer, og dei legg ikkje fingrane imellom når dei fortel om temaet: Den dramatiske rovdyrsituasjonen i Nord-Gudbrandsdalen.