Eldsjelpris til tessanding:

Øistein vart heidra

Øistein Formo er ein institusjon i skimiljøet i Tessand idrettslag. I helga vanka det eldsjel-pris på 48-åringen som kvart år brukar eit stort antal timar på idrettslaget og ikkje minst det flotte skianlegget på Mån.

Prisvinnarar: Øistein Formo (nr. 2 frå høgre) saman med Odd Martinsen (i midten) og andre prisvinnarar.  Foto: Svein Halvor Moe

Nyheiter

– Eg føler at dette like mykje er ein pris til klubben og dei mange som er med på dugnadsarbeidet. Vi hadde ikkje fått til så mykje utan den enorme dugnadsinnsatsen og det store engasjementet. Einkvan må gå foran og det er vel den rolla eg har, seier Formo og gjer eit forsøk på å minimalisere eigen innsats for Tessand IL og skianlegget. Det blir brukt av utøvarar og klubbar frå Vågå og folk frå nabokommunane.