«Gamle» Garmo skule: – Her kan det bli fleire nye arbeidsplassar

– I andre etasje er det god plass. Vi kan få etablert mange kontorplassar der - og dermed arbeidsplassar, foreslo Torstein K. Garmo (Sp) i kommunestyremøtet i Lom tysdag kveld.

Arbeidsplassar: Kan det vera mogleg å etablere kontorlokale i andre etasje på gamle Garmo skule – og dermed «få has» på fleire nye arbeidsplassar? Forslaget kom frå Torstein K. Garmo i kommunestyremøtet i Lom tysdag kveld.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

Torstein K. Garmo slo fast at arealet i andre etasje stort sett har stått ubrukt sidan skulen vart nedlagt. Nå er skulen, som alle veit, brukt til barnehage.