Smak frå høgfjellet: – Kva med lammecarré og habanero?

Ved Vassvaglen, midt i Bergomsgarden i Lom, var det laurdag duka for prøvesmaking av lokal kvalitsmat.

Mini: Jehans Bakke baud mellom anna på miniburgerar.  Foto: Ola Rossehaug

Nyheiter

Det var berre å gå etter lukta på Bergomsgarden denne nydelege hausttdagen: Folk stimla seg rundt grillen for å få ein smak av kva Jehans Bakke og kompani kunne by på. Kokkane hadde sine fulle hyre med å grilla, skjera opp, dandera og servera dei frammøtte som stod i kø. Ein annan stad det var kø, var standen til Innlandet Droneberedskap. Her var det mykje informasjon og demonstrasjon knytt til dei mange spanande moglegheitene droner har - ikkje berre i beredskap, men og innanfor landbruk og dyrehald.

Smaksdagen var arrangert av Lom bonde- og småbrukarlag, Lom sau og geit, og Visit Jotunheimen. Hallvard Helland frå fyrstnemnde var på plass og hadde med seg spekepølser frå Jotunmat både for smaking og for sal. Helland var tydeleg på kor viktig det er å få synt fram det høge nivået vi har tilgjengeleg rundt oss når det kjem til råvarer. At utmarka rundt oss har unike kvalitetar som beite er det ingen tvil om: Kjøtet er i verdsklasse. Han slo og eit slag for det gode kjøtet frå lam og sau, som nok har eit ufortent dårleg rykte hjå mange. Bak grillen bidrog Jehans Bakke til å gjera skam på slike rykte, der han effektiv trylla fram både miniburger av lam og lammecarré til dei frammøtte si store begeistring.

Ein «fersk» lokal produsent - Nils Lund, hadde og utsal av sine varer denne laurdagen. Han kunne stille med store mengder særs sterk vare: heimedyrka chili. Det gjekk mest i «mat-chili!» som ikkje er så sterk, men chilibonden frå Jordet hadde og med seg mykje «Habanero» - ein noko sterkare chili, som ikkje er for alle i fylgje han sjølv. Avsetnad på dei sterke varene fekk han iallfall!

I tillegg til gode prisar rundt om på butikkane i sentrum, var det lokalt kjøt i menyane hjå restaurantar og kafeear. Norsk fjellmuseum og klatreparken til Aktiv i Lom heldt ope i høve dagen, og Jotuheimen Hestelag stilte med fleire hestar slik at dei som hadde lyst til å ri, kunne freista seg på det. Alt i alt eit godt initativ frå arrangørane, som hadde vêret med seg - men som hadde fortent at enda fleire tok seg turen innom dei forskjellige standane.