Desse fekk tredje runde med «koronastøtte» i Lom

Formannskapet i Lom har vedteke fordelinga av kommunale kompensasjonsmidlar.

Tredje runde: Politikarane i Lom har fordelt tredje runde med «koronapengar».  Foto: Arkivfoto/Vigdis Kroken

Nyheiter

Ordførar Bjarne Eiolf Holø synte til tidlegare behandling av retningsliner og stilte spørsmål om eigen habilitet i dette. Holø har eigarinteresser i Krossbu turisthytte. Krossbu var ikkje mellom søkjarane i denne runda, og ordføraren vart såleis funnen habil.