Traktor med gjødselhengar mista hjul på tanken

Riksveg 15 aust for Lalm vil bli stengt på grunn av opprydding etter at ein traktor med gjødselhengar mista eit hjul på tanken som førte til gjødsel i eit køyrefelt.
Nyheiter

Uhellet skjedde 15.38 tysdag ettermiddag.

Ein traktor med gjødselhengar mista eit hjul på tanken som førte til søling av gjødsel i eit køyrefelt i ei lengde på 30 meter.

Politi og brannvesen er på staden.

Riksvegen vil bli stengt ei stutt periode medan det blir gjort opprydding.