Distribusjonskrøll for Fjuken

Det hender dessverre at avisa ikkje blir levert abonnenten.

Ventar: Mange fjukenabonnentar ventar framleis på siste Fjuken og haustmagasinet.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Sist veke var det diverre svært mange på Austlandet som ikkje fekk Fjuken.

Grunnen til dette var at avisene som skulle på den kanten vart lossa av på Otta i staden for å bli med vidare. Dermed kom desse avisene for seint til sorteringsplassen og vart dermed ikkje levert ut til abonnentane.

Dette seier vi oss svært leie for, og håpar at avisa kjem på rett stad til rett tid denne veka.