Snø og vinterføre på Sognefjellet

På fylkesveg 55 Sognefjellet har vinteren meld seg. Vegen er stengt på grunn av vegarbeid på strekninga Turtagrø – Fortun.

Sogenefjellet: Slik såg det ut ved Sognefjellshytta måndag.   Foto: Skjolden.com

Nyheiter

Meteorologane varsla sundag snø på fjellovergangane i Sør-Noreg.

På Sognefjellet låg snøen måndag.

Dei som har tenkt seg over fjellet, bør skifte til vinterdekk.

Elles er det grunn til å merke seg at vegen er stengt på grunn av vegarbeid på strekninga Turtagrø – Fortun i periodane måndag til torsdag frå 07.40 til 17.00.

Statens vegvesen melder dette om fylkesveg 55:

Stengt frå Fortun fyrste gong kl. 08:00.

Opningstider frå Turtagrø (aust) kl.13:40-14:40

Opningstider frå Fortun (vest) kl.14:00-15:00

Fri ferdsel frå Turtagrø kl.16:40 og frå Fortun kl.17:00

Fv5632 Turtagrø - Øvre Årdal har fri ferdsel heile tida.

Gjeld frå 7. oktober til 2. desember kl. 17:00

Følg trafikkmeldingane på fjellovergangane her.