Varslar snø – hugs vinterdekk

Skal du til fjells i haustferien bør du skifte til vinterdekk. Det er meldt om snø på fjellovergangane i Sør-Noreg.

Melder snø: Meteorologane melder om snø på fjellovergangene.   Foto: YR

Nyheiter

Meteorologisk institutt melder at kaldare luft er på veg.

– Sundag regnar det på fjellovergangane i Sør-Noreg, men i løpet av natt til måndag går nedbøren over til snø – og snø kan vi love meir av i fjellet utover veka. Hugs vinterdekk, skriv Meteorologane på Twitter.

Frå sundag kveld og fram til måndag kveld er det venta snøbyger over 1000 – 1200 meters høgde.

Lokalt kan det falle 5-10 cm i dei vestlege fjellområda i Sør-Noreg.