Det nye bygget er bygd i betong, tre, glas og naturstein. Det er Nordplan som har vore arkitekt for bygget som er 14,5 meter høgt og har ei grunnflate på 225 kvadratmeter. – Vi har brukt to-tre millionar på å gjere bygget og området rundt pent, seier direktør Hans Kolden. Her saman med Jan Harald Bakke, prosjektleiar for utbygginga av den nye kraftstasjonen i Nedre Tessa. Foto: Arve Danielsen

Ny kraftstasjon i Nedre Tessa

Den nye kraftstasjonen i Nedre Tessa er i full drift. Nå har dei to gamle aggregata frå 1940-talet fått avløysing.