Nina og Stine lanserte «Snøygg dugurd» - laga av lokale råvarer

Nina Kveum og Stine Forberg har koka saman lokal «ta med mat» som blir laga av Mogard Gardsmat og kan kjøpast på YX Skjåk. – Stine er kokka, eg er servitøren, sa Nina Kveum under lanseringa av «Snøygg dugurd».

Snøygg dugurd: Nina Kveum på YX Skjåk og Stine Forberg på Mogard Gardsmat står bak satsinga av lokal «ta med mat» på bensinstasjonen i Bismo.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Mat går ikkje av mota. Er det noko vi kan vere stolte av i Nord-Gudbrandsdalen så er det matproduksjonen vår og som vi er nøydd til å sikre for framtida, sa Aud Hove da «Snøygg dugurd» vart lansert under Hausttakk i Skjåkhallen laurdag.