– Det er triveleg å vere med på Hausttakk

Årets Hausttakk i Skjåk hadde rekorddeltaking av utstillarar da dørene opna i Skjåkhallen laurdag.  Mange hadde nok sakna å koma ut att, for det vart folksamt i hallen.

Vassgraut: Mildrid Aanstad, Svanhild Gjeilo, Judith Tusvik Mork og Torunn Sygard serverte vassgraut til Marianne Stensgård. Næringssjefen i Skjåk var ein av mange som var innom standen til Skjåk bygdekvinnelag.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Det er artig med så stor oppslutning, sa Marianne Stensgård i arrangementskomiteen.