Renoveringa av Skjåkhallen startar neste vår

Forprosjektet i samband med det fyrste av i alt tre trinn i renoveringa av Skjåkhallen er nå i gang, men i fylgje prosjektleiaren blir det truleg ikkje oppstart av sjølve renoveringsarbeidet før på seinvåren 2022.

Prosjekteringsgruppa: Forprosjektet i samband med det fyrste byggjetrinnet i renoveringa av Skjåkhallen er i gang. Her er prosjekteringsgruppa. Frå venstre: Prosjektleiar Jostein Kleiven, bygningsteknisk rådgjevar Svein Melseth, arkitekt Live Melhus, elektrorådgjevar Stein Ødegård, VVD-rådgjevar Jørn Harald Tornes, badeteknisk rådgjevar Vidar Nyhus, badeteknisk rådgjevar Kenneth Olafsen, og pensjonert driftsteknikar Morten Hagen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Byggjetrinn 1 i renoveringa av Skjåkhallen i Bismo omfattar oppgradering av alle tekniske installasjoner i symjehallen og garderobane i underetasjen, varmtvassforsyning, brann- og bassengtekniske system, innvendige overflatar i symjehallen, utskifting av vindauge og dører i symjehallen, og tilleggsisolering av veggar og tak. Det skal også vurderast alternative energikjelder for oppvarming, og ein skal sjå på moglegheita for utnytting av eventuell overskotsvarme. Det som tidlegare var ungdomsklubb, i andre etasje, er også med i byggjetrinn 1. Her skal det leggjast til rette for aktivitet.