Lokale bønder og Jæder får med seg Grilstad på eigarsida i nye Gudbrandsdal Slakteri

Kjøttprodusentane Grilstad og Jæder, lokale bønder og dei fire kommunane Sel, Vågå, Lom og Nord-Fron investerer i alt 300 millionar i å bygge og drive Gudbrandsdal Slakteri på Otta.

Nytt slakteri neste år: Til neste år startar bygginga av nye Gudbrandsdal Slakteri. Kjøttprodusentane Jæder og Grilstad blir med i prosjektet. Frå venstre står Ståle Gausen - konserndirektør i Grilstad AS, Guro Espeland – dagleg leiar i Jæder Ådne Espeland AS, Terje Wester - påtroppande dagleg Gudbrandsdal Slakteri AS, Jørgen Wiig - konsernsjef Grilstad AS, Terje Jonny Sveen - styreleiar Gudbrandsdal Slakteri AS og Noralf Espeland - styremedlem i Jæder Ådne Espeland AS og Gudbrandsdal Slakteri AS.   Foto: Gudbrandsdal Slakteri AS

Nyheiter

Det blir skrive ny historie på Otta når lokale bønder og kjøttprodusentane Jæder og Grilstad saman med fire kommunar investerer i alt 300 millionar i å bygge og drive Gudbrandsdal Slakteri.