Dei vil bidra til ein betre kvardag for dei med demens og deira pårørande

Skjåk demensforeining har starta opp att.

Skjåk demensforeining: Frå venstre: Anette Bersu, Roger Haugen, Margrethe Øvrelid, Paula Bøhle, Torill Lundemo og Solveig Flatmo.  Foto: Privat foto

Nyheiter

Den restarta foreininga har inngått ei samarbeidsavtale med Skjåk kommune og har som mål å vera med å bidra til ein betre kvardag for dei med demens og deira pårørande.

Foreininga skal i haust arrangere pårørandeskule i Skjåk i samarbeid med foreiningane i Lom og Vågå. Det skal arrangerast tur til Billingen for pårørande og pasientar og under Hausttakk i Bismo laurdag blir det stand med informasjon om foreininga.

Skjåk demensforeining minner om at det sundag 17. oktober blir framsyning av filmen «Vær her» i kulturhuset i Vågå. Filmen fylgjer tre pasientar med ulike former for demens.

– Vi er opne for innspel og ser gjerne at pårørande kjem med ynskje og behov da vi har noko midlar som vi kan bruke formålsteneleg, seier leiar i Skjåk demensforeining, Roger Haugen.

I styret elles sit Margrethe Øvrelid, nestleiar, Liv Jorunn Bøhle, kasserar, Torill Lundemo, Solveig Flatmo og Anette Bersu. Vararepresentantar er Paula Bøhle og Ingrid Teigen.