Syner dokumentarfilm om demens: – Vi ynskjer å setje søkjeljos på sjukdommen

Dei tre demensforeiningane i Ottadalen håpar på godt frammøte når dei inviterer til framsyning av filmen «Vær her»,  ein dokumentarfilm om tre menneske  sitt kvardagsliv med demens.

Film om demens: Margrethe Øvrelid i Skjåk demensforeining, Kristine Berg i Lom demensforeining og Eva Synslien i Vågå demensforeining håpar på mykje folk når dei inviterer til framsyning av dokumentarfilmen «Vær her». Dei er glade for at filmskapar Raghild Nøst Bergem kjem for å fortelje om bakgrunnen for filmen.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Sundag 17. oktober inviterer demensforeiningane i Skjåk, Lom og Vågå til film i Vågå kulturhus.