Gjev kundane pant på brukt elektronikk

Frå måndag neste veke kan du pante den gamle telefonen eller TV-en din hjå Power i Skjåk eller Vågå.

Panteordning: – Mykje av det som blir levert inn til oss er fullt brukbare produkt, som enkelt kan setjast i stand att og gle andre, seier varehussjef Martin Aabakken på Power Skjåk. Frå neste veke kan ein pante tv-en, telefonen, eller andre el-produkt i alle Power-butikkane.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

I fleire år har elektronikk-kjeda Power teke imot el-avfall i varehusa sine, og sett at mengda med avfall stadig aukar.