André trena seg opp frå «sofagris» til ultraløpar

I løpet av åtte månader trena André Nesset seg opp frå sitt livs dårlegaste form til sitt livs beste form. Sist helg fullførte han Jotunheimvegen Ultra - eit løp på 57 kilometer.

Trenar fem gonger i veka: Å treffe André Nesset i treningsklede og joggesko, er eit syn lalmingane har vorte vande med. Ofte startar treningsturane i sekstida om morgonen, for å få tida til å strekkje til med familie og arbeid som butikksjef på Coop Marked på Lalm. Helsegevinsten frå dette året med trening, har resultert mykje betre form og kondisjon, og tala på badevekta har gått nedover.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

30-åringen frå Lalm står nå som ein inspirasjon for andre etter at han i løpet av siste året med systematisk trening har fullført to langløp.