Anna tok fagbrev som kokk på slottet

Som slottets fyrste kokkelærling bestod Anna Brimi frå Vågå fagprøva med glans, da ho serverte ein trerettars som kvalifiserte til Meget godt bestått.

Vil heim att: Anna Brimi er oppvaksen på Tessanden og er klar på at ho vil heim att til bygda etter kvart. Men fyrst vil ho ut og suge til seg enda meir kunnskap og kompetanse, seier ho.  Foto: Kari Margot Odnes

Eg likar å gle andre med eit godt måltid

Nyheiter

Etter å ha vore utplassert på slottet to gonger gjennom skuletida på Otta, fekk Anna Brimi tilbod om å ta lærlingtida si der og, gjennom Lærlingekompaniet. Det takka ho ja til og starta opp hausten 2019.