Rekordstor påmelding til Hausttakk

– Hausttakk ligg an til å bli ein gedigen folkefest i Skjåk.

Stor interesse: Årets Hausttakk i Skjåk har fått rekordstor påmelding.   Foto: Skjåk kommune:

Nyheiter

Det skriv Skjåk kommune på si heimeside.

Årets Hausttakk skal gå føre seg laurdag 9. oktober.

– Det er rekordstor påmelding til stands med mange forskjellige tilbydarar. Det blir alt frå traktorar og bilar til mat og husflid av alle slag. Mange lag og organisasjonar har meldt seg på både for medlemsrekruttering, marknadsføring og loddsal. Vi kan òg nemne at det så langt er selt over 600 billettar til festen med Vassendgutane og at campingplassane snart er fullbooka! skriv Skjåk kommune, som konkluderer med at det berre er å gle seg.