– Vi må prate mykje meir om psykisk helse

Verdsdagen for psykisk helse skal markerast den 10. oktober. Det er 21 år gamle Ingrid Borgen glad for.

Dyra: Ingrid Borgen er enormt glad i dyra sine. – Dei gjer at eg tenkjer på andre ting enn angsten.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Vi kan aldri prate «for mykje» om psykisk helse. Målet med verdsdagen, slik eg har forstått det, er å auke kunnskap og gjera det like enkelt å prate om den psykiske helsa som den fysiske. For mange er det vanskeleg å prate om at ein strevar psykisk, og det tykkjer eg er svært synd. Alt blir betre dersom vi pratar om det, seier ho.