– Presthaugen er ei perle i Lom sentrum

Lom Heimbygdslag ynskjer at Presthaugen i mykje tydelegare grad skal bli synleg i kommunebudsjetta.

Ynskjer ei hand på rattet: Lom heimbygdslag, her representert ved Marit Rossehaug, Anne Sulheim og Gaute Helland, ynskjer å ha ei hand på rattet når det gjeld vidareutviklinga av Presthaugen.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Marit Rossehaug, Anne Sulheim og Gaute Helland, alle styremedlemar i Lom heimbygdslag, hadde mykje på hjartet da dei tysdag orienterte kommunestyret om historikken til Presthaugen.