Skjåktrio arrangerer fullpakka julebord i grendehuset

Skjåkværane Kristin Gjerdet Langlais, Tea Karoline Mork og Jens Gubhage driv kvar sine firma. Nå slår trioen seg saman, og arrangerer julebord i Marlo grendehus i november. Dei lovar ein fullpakka kveld med god mat, underhaldning og dans.

Arrangørar: Kristin Gjerdet Langlais, Tea Karoline Mork og Jens Gubhage driv kvar sine firma, men nå vil dei gjera noko saman. Siste helga i november ber dei inn til julebord for både private og bedrifter i Marlo grendehus, og byr på mat, underhaldning og dans.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Eg gler meg skikkeleg, og håpar vi får fylt opp alle plassane, og at det blir skikkeleg god gamaldags julebordsstemning, seier Kristin Gjerdet Langlais.