Hundreårsmarkering for Nobelprisen i Lom

Forfattar Edvard Hoem skal halde foredrag om Knut Hamsun.

Foredrag: Edvard Hoem skal halde foredrag om Knut Hamsun.  Foto: Paal Audestad

Nyheiter

Den 10. desember 2020 var det 100 år sidan Knut Hamsun fekk tildelt Nobelprisen i litteratur i Stockholm. Knut Hamsun-laget i Lom hadde planar om å markere hendinga på hundreårsdagen, men pandemien sette ein stoppar for det.

Nå prøvar laget på nytt: Fyrstkomande fredag blir det hundreårsmarkering i Utgard.

Wilhelm Bjertnes opnar utstillinga «Livsveven – lengt og lagnad» med tematiske bilde til Markens Grøde av Knut Hamun.

I kultursalen blir det invitert til eit variert program, der blant anna Hanne og Synne Kjøk står på deltakarlista. Torstein K. Garmo, leiar i Knut Hamsun-laget, skal ynskje velkomen, det blir helsing frå Lom kommune og song av Reidar Svare. Torunn Kjøk skal fortelja om Knut Hamsun og kva han har betydd for forfattarar internasjonalt.

Elles blir det foredrag ved Edvard Hoem, musikkinnslag av Lom juniorspelmannslag og Bjørn Kåre og Mads Erik Odde. Leif Hamsun skal lesa nobeltalen til Knut Hamsun, Endre Skjåk og Pål Svindland skal lesa utdrag frå Markens grøde og Regine Hamsun skal lesa frå Sult.

Hundreårsmarkeringa blir avslutta med festmiddag på Fossheim.