Vil starte opp att skulekorps i Lom og Skjåk

Målet er å stille med skulekorps i 17. maitoget i 2022 – i både Lom og Skjåk.

Minne: Glimt frå ei 17. maifeiring for nokre tiår sidan.  Foto: Privat

Nyheiter

Det er Ingrid Husom som vil ta imot nye skulekorpsmusikantar.

Ho har sjølv spelt i korps i mange år, vore på seminar og musikksommarskule. Ho angrar bittert på den dagen ho slutta i korpset og er svært glad for å få ein sjanse til.

Lom skulekorps, som det ikkje har vore særleg med liv i på ei stund, er på tur til å sende ut ein lapp til alle elevane i 5. og 6. klasse i Lom og Skjåk: Har du lyst til å spela eit korpsinstrument?

– Øvingane blir i Steinfjoset i Lom, tid og dag vil bli når det passar best for dei som vil vera med. Målet er å stille skulekorps i toget både i Lom og Skjåk den 17. mai 2022, skriv skulekorpset til elevane.

Lom skulekorps fortel at det blir øving ein gong i veka. Det er lagt opp til seminar med bading og pizza i februar.

– Og kanskje finn vi på andre artige ting òg, i tillegg til øvingane. Du får vera med å spela musikk og gjera noko å vera stolt av. I korpset er alle stemmer like viktige. Sjølv om musikken vil stå i fokus, er pausane nesten like viktige, og Ingrid tek med skateboard og ball! heiter det i brevet.

Dersom du vil vera med, må du melde deg til ein av dei to innan 8. oktober.