Lomværane seier nei, nei og nei til nye hyttefelt i Lom

Framlegg til kommuneplanen sin arealdel i Lom kommune har vore ute på høyring. Alle seier nei takk til nye hyttefelt.

Nordsætrin: Det er lagt opp til i alt 36 tomter på Nordsætrin.   Foto: Øyvind Pedersen

Nyheiter

I kommuneplanen er det forslag om å regulere fleire nye område til fritidsbustader. Mellom anna er det lagt opp til i alt 36 tomter på Nordsætrin, 55 tomter på Nåvårsætervangen, 48 tomter på Bjønnskardet og 30 tomter i Meadalen.