Inviterer til «drop-in» på legekontoret

To legar i Lom arrangerer «drop-in» for celleprøve av alle kvinner som har fastlege i Lom.

Kom: – Kom og ta celleprøve den 28. september, oppmodar leiar for legetenesta i Lom, Hege Kirkestuen Melby, og fastlege Merete Byre-Haakensen.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

September er månaden for kreftforeininga sin «Sjekk deg»-kampanje. I den samanheng oppmodar legetenesta i Lom kommune alle kvinner til å sjekke seg for livmorhalskreft.

To av legane, fastlege Merete Byre-Haakensen og turnuslege Bettina Lundin, vil tysdag 28. september ta celleprøve av alle kvinner som takkar ja til tilbodet.

– «Drop-in»-opplegget skal gå føre seg om ettermiddagen. Da blir det truleg enklare for mange, når ein ikkje treng å ta seg fri frå arbeid og slikt, seier Hege Kirkestuen Melby, leiar for legetenesta i Lom.

Fastlege Merete Byre-Haakensen oppmodar alle kvinner til å koma denne ettermiddagen. Ho fortel at ein ikkje treng å varsle legekontoret på førehand.

– Det er berre å koma. Vi håpar dette kan inspirere andre legekontor til eit liknande opplegg. At flest mogleg kvinner sjekkar seg for livmorhalskreft er svært viktig, slår ho fast.